Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland er delegert (frå Udir) eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg.
Nyhende
28.12.2023
Kreativt samarbeid i fengsel løfter innsette si læring
Inspirasjonsmateriale viser korleis samarbeid mellom verkmeistrar og lærarar kan betre læringa for innsette.
21.11.2023
Innsette kan ikkje bli nekta tilgang til DFS utan at det blir gjort ei konkret vurdering av søknaden til den innsette
Sivilombodet har kome med ein uttale der ein innsett hadde fått vedtak frå kriminalomsorga om at han ikkje fekk tilgang til IKT plattforma DFS, den digitale plattforma som nyttes av deltakarar i opplæring i fengsel.